Garnestua (654moh) – Flåna (612moh)

IMG_0754

Bildet er tatt frå Blåtind på andre sida av dalen.

Dette er ein tur i Ulstein kommune og startar øverst i Ringstaddalen i Haddal, og ein får med seg 2 toppar på samme tur dersom ein ønskjer dette. Garnestua og Flåna ligg rett ved sidan av kvarandre, og ein kan gå ned og rett bort på Flåna fra Garnestua .

Ein kjem til startpunktet ved å køyre riksveg 653 mellom Eiksund og Ulsteinvik, og ta av ved Haddal. Ved Haddal køyr til ein ser skilt mot Ringstaddalen, og ta av her opp forbi skulebygget som ein får på venstre side. Køyr heilt til vegen går frå asfalt til grus, og fortsett til det går ein veg til høgre til eit hyttefelt. Vegen svingar på skrå opp til venstre, og her er det bra med parkeringsplassar.

IMG_1018

Stien startar ved skiltet ein får på venstre side like ovanfor der ein parkerar. Stien er godt merka ved utgangspunktet og er også ein Stikk Ut tur i 2018.

IMG_1019

Stien går slakt oppover ca. 100 meter før den svingar opp til venstre mot høgda ein har foran seg til venstre. Her vert det litt brattare og stien er svert tydeleg og lett og følge.

IMG_1020

Rett før ein kjem opp på høgda kjem ein til eit litt brattare parti som har sand/jord-underlag, og kan være litt sleipt ved vått underlag.

IMG_1022

Oppe på høgda ser ein nesten heile resten av turen opp til platået der stien mellom Garnestua og Flåna delar seg. Stien går no slakt kuppert oppover i retning den vesle høgda ein har rett foran seg, og ein ser tydeleg stien på langt hold her i frå.

IMG_1023

Når ein nærmar seg den vesle høgda, svingar stien skrått oppover til høgre og i retning egga som ein skal følge opp på platået. Dette er inga smal egg, men er svært luftig ut til høgre mot Fjellsvatnet som ligg til høgre for første delen av oppturen. Stien variera mellom å gå på jord og på berg, men er fortsatt lett å følge.

Stien går jamnt opp over egga og har ingen særlig bratte parti, men vær obs på stupet på høgre side sjølv om stien går midt inne på egga oppover.

IMG_1027

Like før ein kjem opp til platået, deler stien seg i 3, uansett kva av dei 2 til venstre ein følger kjem ein opp på platået der stien mellom Garnestua og Flåna deler seg. Tar ein den til høgre, går denne langs stupet og tar deg direkte bort til Flåna. Eg velger å ta den midterste for å komme til Garnestua først.

IMG_1028

Oppe på platået er det skilta kva sti du skal velge for å nå begge toppane, og eg velger å gå til venstre mot toppen av Garnestua. Stien går bort over platået før det går rett opp mot varden mot toppen.

Frå toppen ser ein rett over til Flåna som ligg litt lavare enn Garnestua.

IMG_1034

Utsikta frå toppen er fantastisk, og det første bildet viser mot Hareid og Sulalandet, og på det andre ser vi mot innløpet til Storfjorden.

Tredje bilde er mot Vartdal og heilt bak ser ein Sunnmørsalpane i Hjørundfjorden, og i det fjerde bilde ser ein Liadalsnipa i midten med inngangen til Ørstafjorden under.

Femte bildet er mot Velsvikskåla og fjella rundt, og det siste bildet er utover mot øyane.

Panormabildet frå Garnestua

20180609_130331

Frå toppen går ein ned igjen på platået, og helde stien som går litt lenger til venstre for den ein kom opp.

IMG_1033

I det ein kjem bort der det går oppover igjen, svingar stien slagt bortover til venstre, og det tar berre nokre minutt å gå frå Garnestua til Flåna.

IMG_1043

Og til slutt kjem ein til varden som markera toppen.

IMG_1045

Frå Flåna går der sti i retning Garnes, som svingar til høgre nede i fjellsida og går mot Hasundhornet som ein ser til høgre i det andre bildet med utsikt mot Ulsteinvik.

Tilbake kan ein gå langs kanten, og ein kjem da inn på stien som ein kom opp rett under platået.

IMG_1051

Dette er ein lett tur som passer for dei fleste, og som gir ei fantastisk utsikt til tross for sin lave høgde. Her ser ein langt til havs, samtidig som ein ser Sunnmørsalpane i det fjerne innover.

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , , , , , | Legg igjen en kommentar

Festøykollen (Romestrandhornet) 911moh

Festøykollen har dei fleste som har tatt ferga frå Solavågen til Festøya sett, og er fjellet som ligger over fergekaia og stranda ein køyre når ein skal mot Ørsta. Lokalt vert dette fjellet kalla Romestrandhornet.

For å komme til utgangspunktet av denne turen køyre ein til Barstadvik. Kjem ein frå Ørsta, køyrer ein forbi butikken og skulen på E39, og tar av oppover mot Volle rett etter ein har køyrt over brua. Kjem ein frå Festøya tar ein av opp til venstre rett før brua og buss-stoppet ein får på høgre side. Køyr oppover dalen til ein kjem rundt ein smal og knapp sving, og køyrer over ei bru, her er det parkeringsplassar på begge sider av vegen. På bildet under ser ein tilbake til brua frå parkeringsplassen.

IMG_1054

Frå parkeringsplassen går ein tilbake over brua, og stien startar rett etter ein har passert forhøyninga på rekkverket. Ein må skreve over rekkverket for å komme til stistarten.

IMG_1055

Gå gjennom ledet og lukk det bak deg, stien går no opp gjennom skogen langs elva eit lite stykke, før elva forsvinn lenger mot høgre.

IMG_1056

Etter nokre hundre meter opp gjennom skogen kjem ein til ein gjengrodd traktorveg som krysser stien, og her skal ein fortsette rett fram over traktorvegen og vidare opp gjennom lauvskogen. Etter kort tid kjem ein til traktorveg nummer 2, og her skal ein svinge til høgre og følge traktorvegen vidare i retning elva.

IMG_1057

I det traktorvegen kjem fram til ein bekk går den over til å verte ein sti, men den er veldig god å gå på, der den vekslar mellom jord og stein.

IMG_1060

Like etter ein har passert bekken kjem ein fram til ei bru som går over elva, og stien fortsetter over brua for so å svinge oppover langs elva på motsatt sida. Og før brua er det også skilta over kvar stien går, og det er også her stien som går til Jønshornet (Ramoen) utan å gå gjennom Molladalen.

Etter brua går stien over frå jord og stein til å få dekke som skogbunn. Stien har gravd seg ned i skogbunnen og deler seg fleire plassar, men den samler seg etter at ein har gått opp første bakken. Her begynde stien å verte brattare, men den svingar seg fint opp gjennom skogen. Ved vått underlag kan røttene i stien være sleipe, so det kan være greit å gå forsiktig opp gjennom heile skogen.

IMG_1063

Etter ein er oppe den første bakken kjem ein til ei aldri so lita lysning, no går stien meir eller mindre rett opp skogen men den er so pass breide at det går ann å gå slalom oppover for å spare beina. Stien verte også grovare, og ein får ein del laus stein som kan være litt ekkel å gå på, spesielt når ein skal gå ned igjen.

IMG_1066

Når ein kjem over granskogen svingar stien til venstre og flatar ut, her vert det nokre lange slalomsvingar som gjer at det vert lettare å gå.

IMG_1067

Etterkvart kjem ein opp til ein ruin etter eit gammal sel eller løde, og ein har no komt til Vollesetra. Like over ruinen kjem der eit stiskille der vi skal ta til venstre mot Gamlestøylen og Festøykollen (Romestrandhornet), stien til høgre går da til Jønshornet (Ramoen).

Stien flatar ut her og går mot ei bru som teke oss over elva ein nest siste gong på turen opp.

IMG_1075

Stien går etter brua slakt oppover i underkant av Gamlestøylen der det ligger nokre hytter, og ein får ei fantastisk utsikt. Utsikta kan nytast mens ein tar ein pust i bakken.

Stien vidare går mellom hyttene og fortsetter bak den hytta som ligg lengst til venstre.

IMG_1081

Stien går nesten flatt bortover etter hytta, og ein passerar eit par vollar før ein kjem bort til siste passering av elva på veg opp, og her kan det være greit å fylle opp flaskene med vatn da det er siste muligheit før toppen.

IMG_1083

På veg opp fra elva kjem ein opp over småskogen, og ein ser toppen i det fjerne.

IMG_1084

Oppe på denne bakken møter ein ei myr, der stien flatar heilt ut og går mot venstre i ei bue før den svingar til høgre for å følge egga/åskammen opp mot toppen. Stien startar med å gå på høgresida av egga/åskammen, og etter myra begynde stien å gå slakt oppover.

Etter kvart svingar stien over til venstre for å følge egga/åskammen meir eller mindre midt på oppover. Stien vert litt brattare no, men den svingar litt fram og tilbake på det brattaste slik at ein hentar høgdemetera lett.

IMG_1094

Når ein nærmar seg første fortopp, kjem ein opp i ura og her må ein prøve å være litt årvåken da det er lett å miste stien (lettaste veg opp). Eg trudde eg valgte beste vegen, men på veg ned såg eg at eg hadde bomma med 5 meter og gjekk i dobbelt so mykje ur som høgst nødvendig. Når ein kjem opp i ura, so hold til høgre, da går stien opp ei åpning i ura etter 15-20 meter, i staden for å gå heile ryggen opp i ur med små og store steinar.

IMG_1096

Var dessverre ikkje so lett å vise dette med bilda eg hadde i arkivet, men ser ein seg godt om når ein kjem opp i ura so ser ein det. For slik ser ura ut dersom ein ikkje treff den beste oppstigninga, og er ikkje den beste ura å gå i.

IMG_1097

Oppe på denne fortoppen flatar det litt ut, før ein møter ura som ligg mot toppen. Denne er ikkje so vanskeleg å forsere som den første, og stien går veldig tydleg inn i ura. Og viss ein ser godt etter, so ser ein slitasje i ura der dei fleste har gått.

Når ein har forsert denne ura er det meir eller mindre flatt inn til høgste punktet og varden.

IMG_1103

Dessverre var det lavt skydekke og skodde i dei høgste toppane slik at utsikta ikkje var optimal, men ein ser i alle fall utover Breisundet og mot Ålesund, men går glipp av dei fantastiske Sunnmørsalpane innover Hjørundfjorden.

Første bildet er mot Hareidlandet og utover Breisundet, og andre bildet er mot Sula og Ålesund ein plass bak i tåkehavet.

Bildet 3 er innover mot Storfjorden med Hundeidvika nede til høgre, og siste bildet er innover Hjørundfjorden.

Eit meir eller mindre mislykka panoramabildet da skodda dekker halve bildet.

20180612_185317

Denne turen er ein lett gått tur, og passar fint til ein ettermiddagstur på vår, sommar og haust. Litt ekkel ur mot toppen og litt laus stein/grus i skogen når ein går ned igjen, men det var uansett ein fin tur.

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , , , , | Legg igjen en kommentar

Knutshøe 1517moh

001

Knutshøe er ikkje av dei høgaste fjella rundt Gjende, men turen er ein av dei heftigaste turane i området. Den overgår den meir kjente Besseggen i både vanskeligheitsgrad og i luftigheit. Dette er ein tur der du bør være vant med å gå i fjellet, samtidig må ein takle å klivre i bratt terreng. Når ein først er oppe på egga er der ingen snarveg ned, ein må enten gå tilbake samme veg ein kom, eller gå heile rundturen som eg kjem til å beskrive her. På begge sider går fjellveggen bratt ned stort sett over heile egga, men holder ein seg til stien over, so er det ingen problem med å gå denne turen. Eg har sjølv høgdeskrekk, men etter å ha forsert det første klivrepartiet, med god hjelp av ei som hadde gått turen før, so kom eg meg lett gjennom denne turen.

Turen startar frå ein tilrettelagt parkeringsplass litt over 3 km mot Valdresflya frå krysset der vegen til Gjendeosen tar av. Det er den første store parkeringsplassen ein får på høgre side når ein køyre i retning Valdresflya frå Maurvangen. Dersom det er fult på parkeringsplassen er det muligheit til å parkering på vegskuldra langs vegen, evt. på ei avkøyrsle lenger oppe. Sørg for å parkere bilen utanfor kvitestripa, slik at ein ikkje er til hinder for trafikken mens ein står parkert.

IMG_1177

Turen startar på venstresida av parkeringsplassen, og går nedover langs gjerdet som går frå parkeringa og nedover mot elva.

IMG_1178

Stien er breid og god å gå på, og ein krysser nokre små bekkar på veg langs gjerdet. I det ein nerma seg elva, går stien bratt nedover og går over til å måtte gå på nokre store steina. Er det vått so er det lurt å være forsiktig ned her, og også på veg opp fra brua som går over elva.

IMG_1183

Oppe igjen frå elveleiet går stien over til jord igjen, og går oppover til ein møter gjerdet igjen. Stien er god å gå på, og er tydeleg og breid.

IMG_1185

Stien går langs gjerdet til ein kjem til ei tretrapp som går over gjerdet. Her kryssar ein gjerdet, og går no rett fram mot foten av egga.

IMG_1186IMG_1187

Like før stien går brattare opp mot første bratte klyvning, er det satt opp eit varselskilt med overskrifta: «Turen over Knutshøe – Er du erfaren nok?» Dette er noko kvar enkelt må vurdere sjølv, og eg såg fleire som snudde ved første klyvning. Det er ingen skam å snu.

IMG_1188IMG_1189

Like før ein kjem opp til den første bratte klyvninga, går stien under eit lite overheng. Det var fleire som leita etter oppstigninga og gjekk til høgre for dette overhenget, men stien går altso under overhenget.

IMG_1190

Rett forbi dette overhenget startar det første av dei 2 bratte klyvningane, og sett i ettertid er nok dette det værste i mine auge. Her gjelder det å holde tunga rett i munnen, og finne gode tak for både sko og hender. Det går rimeleg bratt opp ca 20 meter, og midt oppe i klyvninga tar ein til venstre før ein kjem opp til eit platå. På bildet under ser ein den første delen av klyvninga, og ved steinen øverst ca midt på bildet, tar ein då til venstre like under steinen.

IMG_1191

Sett ovanfrå og ned ser ein korr bratt det er opp, og med tillaltelse frå dei som kom bak fekk eg tatt eit bilde når dei var på veg opp.

IMG_1192

Oppe på platået går stien rundt og opp og flatar litt ut.

IMG_1196

Oppe på første høgda breidar stien seg ut og varierer mellom jord og litt stein, og ein ser mesteparten av stien vidare mot neste høgde. Som ein ser so går stien midt etter egga her, og dersom det går stiar ut mot kanten so endar desse i stup.

IMG_1197

Oppe på høgda går stien kort ned før den går oppover mot neste høgde, og stien går over til meir steinunderlag enten som «svaberg» eller større og mindre steina.

IMG_1202

Midt oppe i stigninga mot denne høgda, går stien mellom ein del steinblokker, og mot toppen går stien over mot høgresida av egga.

IMG_1204IMG_1207

Opp mot neste høgde går stien over mot venstre side av egga, stien er fortsatt god å fin å følge.

IMG_1210

Når ein kjem opp på denne høgda, må ein ta ein pust i bakken og sjå utover dalen som ligg ned til venstre for ein. Dette er punktet på veg opp der du ser omtrent heile Leirungsdalen med den fantastiske elva Leirungsåe som går over til vatnet Øvre Leirungen. Det er rett under her ein går tilbake når ein tar heile rundturen.

IMG_1211

Stien går no litt bortover egga før den går litt ned for å starte på nest siste høgde før hovedtoppen. Stien går no mot høgre, og passerer nestsiste høgde på høgre side.

IMG_1215

I det ein passerar den høgda svingar stien inn mot midten igjen, før ein kjem fram på kanten slik at ein ser resten av stien til toppen. Stien går bratt ned mot det smalaste partiet på egga, før den går bratt opp mot toppen. Og det er her den siste svært bratte klyvninga befinner seg.

IMG_1220

Stien opp til klyvningspartiet er veldig tydeleg, og viss ein ser nøye på bildet under er det 2 personar som no står rett under dette punktet. Den lettaste måten å komme opp dette klyvningspunktet er å følge det slitte partiet på skrå opp til venstre for den fremste personen på bildet under.

IMG_1223

Sett ovanifrå so er det enkelt å sjå kvar ein bør gå, følg midt etter bildet og opp til der eg står og teke bildet so er ein trygg. Her er fleire gode holdepunkt både for sko og hender enn det første klyvepunktet, og når du har klart det første går dette som ein leik.

IMG_1225

Etter ein har passert dette klyvningspunktet går stien ut mot venstre på kanten, før den svinger til høgre under ein liten bergvegg, og svingar så til venstre opp mot toppen av Knutshøe.

IMG_1226

Før ein endeleg ser varden og ein har nådd første mål på turen, Knutshøe 1517moh, med Besshøe og Besseggen i bakgrunnen.

IMG_1227

Nyt utsikta frå toppen før ein enten går tilbake samme veg, eller som meg fortsette egga til endes og Leirungdalen tilbake til utgangspunktet.

Første bildet frå toppen er mot Valdresflya, og høgaste toppen litt til høgre på bildet er Rasletind. 2 bildet er mot blant anna Bukkehåmåren.

Bildet 3 er innover Gjendevannet med Memurubru innerst, og bilde 4 er mot Gjendeosen.

Bildet 5 er ned mot Nedre Leirungen, og siste bildet fra toppen er tilbake mot egga ein har komt opp.

 

Frå toppen forsett ein nedover egga, over alle høgder på veg nedover går stien på høgre side. Til venstre frå høgdene går det stupbratt ned i Leirungsdalen, og det fins ingen snarveg ned på denne sida.

IMG_1238

Stien går stortsett på berg nedover og ved vått føre kan det være sleipt og glatt.

IMG_1242

Eit par plassar kan det være vanskeleg å holde stien, og på ein plass er det satt opp eit fareskilt om å følge ryggen, da det kan sjå ut som nokon laga ein sti som går rett i eit stup.

IMG_1246

Det er også eit par plassar på denne sida av toppen som må klyvast, men dei er ikkje so lange og bratte som på oppstigninga. Det første sett frå nedsida ser verre ut enn den er.

IMG_1252

Stien flatar etter kvart litt meir ut, og går meir over til mjukare underlag med ei fantastisk kulisse.

IMG_1255.JPG

Like etter kulen ein ser på bildet over, får ein den siste klyvepartiet som er kort og greit å forsere. Men det er greit å være forsiktig.

IMG_1263

Etter dette går stien slakt nedover mot elva som renner frå Øvre Leirungen og ned i Gjende.

IMG_1264

I det ein nærmar seg elva går det bratt ned på eit svaberg der stien deler seg i 2. Eg velger her å ta til venstre, men det går også ann og ta den til høgre og svinge til venstre under svaberget ein kjem ned på.

IMG_1271.JPG

Stien går nesten heilt ned til elva før den flater ut og går inn i Leirungdalen.

IMG_1275

Stien innover Leirungsdalen er lett og gå og er tydeleg, og ein kan ikkje bomme på den. Det ligg også nokre hytter langs vatnet og i det ein går frå vatnet og over langs elva ligg der ei veldig fin sandstrand som ein kan ta ein avkjølande dukkert før ein går vidare.

Og etter ein lang tur i Leirungsdalen er ein til slutt tilbake til tretrappa over gjerdet. går ein turen gjennom Leirungsdalen når det er mykje insekt kan det være lurt å ha med insektsspray, da dette er eit våtområde med yrande dyre og insektsliv.

IMG_1290

Heile turen er på ca 12 km, og egga må kallast ei pukkelegg da det går opp og ned over heile egga. Husk at ein bør være fjellvant for å gjennomføre denne turen, og det er ingen skam å snu dersom ein syns klyvningane vert for tøffe. Dette er in mykje tøffare tur enn Besseggen, og er du fjellvant anbefala eg denne turen på det sterkaste.

God tur!

 

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , | Legg igjen en kommentar

Blåtind 697 moh

Det er fleire fjell som heiter Blåtind, men dette er kommunetoppen i Ulstein kommune, og har fleire startpunkt. Eg beskriver turen frå Haddal, som også er den mest brukte ruta opp på dette fjellet. Ein har også muligheit til å gå rundtur og får med kommunetoppen i Hareid kommune, Kongsvollen 683 moh, men den får eg beskrive i ein eigen turbeskrivelse.

 

Køyr riksveg 653 mellom Eiksund og Ulsteinvik, og ta av ved Haddal. Ved Haddal køyr til ein ser skilt mot Ringstaddalen, og ta av her opp forbil skulebygget som ein får på venstre side. Etter skulen køyre ein inn i ei 60 sone, og like før ein kjem til skilt nr. 2 startar stien. Det er plass til å parkere på begge sider av vegen, men sørg for å parkere slik at heile bilen er ute av vegen slik at også lastebilar kan passere.

IMG_0720

Stien er skiltet ved utgangspunktet og viser at det er 2,2 km til toppen.

IMG_0721

Stien startar med å gå gjennom eit lite kratt før ein kjem til ei myr.  Her vert stien veldig våt, og det er lurt å ha gode vanntette sko. Stien snor seg opp gjennom myra på høgre side, og det vert tørrare sti når ein passera under høgspentlinja. Når ein kjem til myra so ser ein også mesteparten av terrenget oppstigninga går i, og eg har prøvd å tegne inn sånn omtrentleg kvar stien går på neste bildet.

IMG_0723 (01)

For å vise litt korleis stien ser ut over myra og kor våt den er, har eg lagt med eit bilde av den også. Der ligg nokre steinar naturlig i stien, og eg klarte å hoppe litt fram og tilbake for å gå mest muleg tørrskodd over.

IMG_0724

Etter kraftlinja går stien opp langs ei skredrenne, og den går rett opp mot toppen midt på bildet over.

IMG_0725

Dersom ein følger stien som helde venstresida av renna, kan ein også sjå at enkelte steinar er merka med rødt. Det er berre å følge disse, so passerar ein ikkje der stien svingar mot venstre. Ser at nokre har begynt å gå rett opp skredrenna, og dermed laga ein ny sti der.

IMG_0728

Der stien svingar mot venstre ser ein ein spiss stein som er satt om som varding, og den har eit tydleg raudt felt i toppen. Her går no stien skrått oppover småskogen.

IMG_0729

I det ein kjem i overkant av småskogen flatar stien ut, og går bortover fjellsida langs skogkanten eit stykke. No begynde det å verte ei fin utsikt, som berre må nytast.

IMG_0734

Etterkvart går stien oppover igjen, og over kanten. Her kjem ein til eit vatn, Hundelaupsvatnet, og her deler stien seg. Til venstre går ein viss ein ønskar å gå til Kongsvollen, mens ein går til høgre for å komme opp på Blåtind.

Frå stikrysset kan ein sjå fortoppen til Blåtind, og toppen ligg bak til høgre for den du ser. Opp mot toppen svingar stien seg mellom stein og berghyller, før den like før toppen svingar mot høgre ved fortoppen som ein såg frå vatnet.

IMG_0745

Og ein ser ikkje varden på toppen før ein nesten oppe. Varden er plassert oppe på eit berg på toppen og kan sjåast frå lang avstand når ein betraktar toppen frå andre sida av Vartdalsfjorden.

IMG_0747

Utsikta er no berre å nyte. Ein ser mange av Sunnmørsalpane, og langt til havs når været og sikta er slik som den dagen eg besteig Blåtind. Dette er ein lett tur for heile familien, og kan som sagt gåast som ein rundtur med Kongsvollen.

Har som vanleg tatt ein del utsiktsbilder. Første bildet er utover Vartdalsfjorden, og så går utsikta med klokka til ein endar med Ringstaddalen.

Og så heilt til slutt panorambilder frå toppen.

IMG_2743

IMG_2742

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , , | Legg igjen en kommentar

Goksøyr – Runde Fyr – Rundabranden (294 moh)

042

Denne turen går på Ytre Søre-Sunnmøre, på øya Runde i Herøy kommune, og er ein svært populær tur. Det er derfor viktig at ein brukar stiane som allereide er opptrakka, for å verne om kulturlandskapet. I hekkesesongen er det også mykje fugl som hekkar i nærheiten av stiane, so ta hensyn til dette.

Køyr riksveg 61 mot Fosnavåg, og ta av og følg skilting til Runde når det skilte kjem. Ein køyre også over nokre smale bruer, bl.a. Rundebrua, og ta her hensyn til møtande trafikk. Når ein kjem over Rundebrua følger ein vegen mot Goksøyr, og like etter ein køyre igjennom ein kort tunnel kjem parkeringsplassen ein skal parkere på. Det er ikkje egna parkeringsplassar etter denne, så sant ein ikkje overnatta på Goksøyr Camping som ligg eit par hundre meter nærmare der vegen startar opp mot fjellet og nedgangen til fyret.

012

Gå forbi campingplassen og ca 2-300 meter, før ein tar av opp til venstre mellom nokre hus.

013

Gå grusvegen opp forbi husa, til ein kjem til ein port. Denne skal ein gjennom.

014

Etter porten går underlaget over frå grus til ujamn oljegrus, som går bratt  oppover forbi eit gamalt sel, før den svingar opp til høgre. Og etter kvart svingar den til venstre, og herifrå vert stien/vegen slakare.

015

Ein kjem no opp på ei lita høgde der stien igjen går over til grus, og seinare vert ein godt trakka sti i landskapet. Når ein kjem opp denne første delen, kan ein snu seg å få ei flott utsikt over Goksøyra og retning Ålesund. Stien går slakt oppover, og ein må gjennom 2 led som ein må huske å stenge når ein er igjennom.

019

Like etter det andre ledet, deler stien seg, og ein kan velge begge stiar for å komme til Rundabranden og Runde Fyr, men eg velger å gå til høgre her, og kjem ned igjen den stien som går rett fram, på returen.

021(2)

Stien går hovedsakleg i terrenget, men det er lagt ut ein del flaker å gå på. Dette for at ein skal kunne passere dei våtaste områda best muleg, men også for at terrenget ikkje skal verte for mykje slitt ved at ein utvider stien ved å prøve å unngå dei våtaste områda.

022

Stien går no utover mot kanten av nordsida av øya, og følger kanten opp mot fjellet. I nedre del av stigninga er det satt opp gjerdet for å hindre at folk går ut på kanten av stupet, respekter dette. Det vert muleg å sjå ut for kanten lenger oppe i stigninga.

025

Stien går slakt oppover, og det ingen bratte stigningar opp resten av denne delen av fjellet. Stien flatar litt ut midt opp i stigninga, og her kan du sjå ned på fyret som er eine målet av turen. Rundabranden er den lisje høgda litt til venstre for midten på det øverste bildet under.
028027

Stien resten av denne stigninga ser du godt i terrenget på det øverste bildet over. Etter at ein har passert det første høgdepunktet flatar stien ut og deler seg. Her kan ein enten ta den korte turen opp til Rundabranden (stipla pil), eller følge stien til høgre ned mot fyret.

031 (2)

Gå over kloppane som er lagt ut, og fram på kanten før ein begynde nedstigninga mot fyret.

032

På første del av nedstigninga er det lagt ned trappetrinn av steinheller, og over myra på flata er det lage ei lang trebru som må nyttast. Dersom ein tar turen i hekketida for fuglane på øya, kan du kanskje observere fuglar som ligg på egga på myra til venstre for trebrua.

034

Når ein har passert trebrua startar den bratte nedstigninga mot fyret, men stien er ligger godt i terrenget og er ikkje utsatt på nokon måte. Først kjem ein til eit stikryss. Stien som kjem ned frå venstre, kjem frå Rundabranden og eit utkikspunkt for sjøfuglar som sitt i den bratte fjellsida under fjellet.. Stien som passerer med ein liten trestige over gjerdet, er kun til eit utsiktspunkt ned mot fyret og må ikkje brukast for nedstigning. Stien ned til fyret går til høgre langs gjerdet. Også her er det lagt ned helletrinn for å skåne terrenget, og unngå at stien er sleip å gå på når det er vått.

036

Stien går langsgjerdet, og nesten på slutten av gjerdet skal ein gjennom eit led. Vær oppmerksom at ved dårleg sikt, så er det loddrett stup viss ein ikkje går gjennom ledet. So det er viktig å være oppmerksom.

037 (01)

Stien vekslar mellom terreng og steinheller ned fjellsida, og det er også satt opp gjerdet som ein kan støtte seg på og også hindre at ein dett ned fjellsida dersom ein snublar i den bratte sida.

 

Fyret er stengt, men bygget til venstre er ei DNT sjølvbetjeningshytte, og ein har tilgang til dette bygget dersom ein har DNT-nøkkel. Nederst på neset står ein stor koloss, som er ein del av det gamle fyret.

042

På fineværsdagar er det muleg å gå ned på denne delen av neset for å sjå bølgene slå inn mot berga under, men vær oppmerksom på at ved uvær kan bølgene slå godt over denne delen av neset. Trappa opp til det gamle fyret er øydelagd, men det går fint å klivre opp ved sidan av.

043

Her er panorama bildet over fyret tatt frå ytterst på neset:

IMG_2491

Turen går opp samme veg som ein kom ned.

Dersom ein ikkje ønskar å gå ned på fyret, men kun på Rundabranden, so er det som sagt samme sti til ein kjem opp til der stien deler seg før nedstigninga mot fyret. Stien går slakt oppover siste delen frå dette stidelet, og det er berre eit kort stykke opp til toppen.

046

På toppen av Rundabranden får ein ei fantastisk utsikt i alle retningar. I sør og sørvest ser ein mot Fosnavåg og øyane utanfor og heilt til Stadtlandet, ein ser mot Ålesund i nord og Sunnmørsalpane i aust.

055

Her er to panoramabilde frå toppen av Rundabranden:

IMG_2496IMG_2494

Frå toppen går ein 20 meter tilbake, og følger stien som går ned til høgre langs kanten mot sør.

072

Når ein kjem ned der stien flatar ut igjen, deler stien seg igjen. For å komme ned til første stidelet, der vi tok av til høgre i starten av turen. Tar ein til høgre her, og følger kanten av stupa vidare sørover på øya kjem ein til Sandshornet, Fløystolen og Lundeura.

074 (01)

Stien vekslar mellom å gå på kloppar og steinhelle, før grusvegen og oljesteinen sistebiten ned til hovedvegen, og tilbake til parkeringsplassen.

077

Til slutt nokre utsiktsbilder frå turen:

Utsikt over Goksøyra og mot Ålesund

 

Utsikt mot Nerlandsøya med Stadtlandet lengst vekk

054

Mot Fosnvåg på bildet til venstre, mot Ålesund til høgre:

 

Mot Måganeset med Søre Handfanganet:

068

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , | Legg igjen en kommentar

Skolma (635 moh)

Skolma ligg ytterst på Hareidlandet, og er den høgaste toppen i dette området. Denne toppen kan nåast enten fra Flø på Ulstein-sida, eller frå Brandal frå Hareid-sida. Denne vegbeskrivelsen er fra Flø. Køyr til Ulsteinvik sentrum, og følg skiltinga mot Flø FV25 i ca. 1 mil. Følg hovedvegen heilt til asfalten sluttar, her er det god parkeringsplass på høgre side.

IMG_8105

Starten er av den rolege slaget, og går langs sjøen i ca. 2 km. Turen startar først på ein grusveg. Ein må gjennom 3 grinder, og etter kvar grind endrar underlaget seg. Frå grus går det over til ein breid graslagt traktorveg, for så å gå over til sti.

Som det står på den første grinda, lat den att. Det går både sau og kyr i dei innegjerda områda, så fest også grindene med tauet/strengen som helde den på plass. Nokre hundre meter etter den første grinda, kjem ein til den neste grinda som ligg ved ei stor steinblokk. Her går som sagt stien frå graslagt traktorveg, over til meir ulendt sti. Og etter den 3. grinda går terrenget over frå gras til lyng

Stien går like på øversida av den lisje kollen som ein no har rett foran seg, og stien er her småkupert. Like etter kollen passerer ein eit skilt som viser vegen til toppen av Skolma. Skiltet virka litt malplassert da det kun er ein sti som går her, og ingen stikryss/avstikkar.

Eit lite stykke etter skiltet går stien ned mot ein liten bekk, og rett etter bekken deler stien seg, og det går ein sti rett fram og ein til venstre. Stien ein skal følge vidare går rett fram som vist på bildet under.

IMG_8116 (med pil)

Stien begynde no å stige oppover, stigninga er ikkje bratt, og den følger terrenget fint oppover.

I det stien nærmar seg flatare terreng, kjem ein først til ein liten bekk som ein må krysse. Stein ligg fint i bekken, og den er lett å krysse tørrskodd. Stien svingar over bekken mot venstre og går slakt bortover mot ein litt større bekk som også skal kryssast.

Neste bekk er også lett å krysse tørrskodd, og når ein går opp frå bekken kjem ein til eit nytt stikryss. Skiltet viser kvar stien går i retning Skolma. Etter skiltet må ein gå over eit vått/myrlendt terreng som er markert med stikker, men stien er ganske tydeleg også her.

Når ein har passert myrområdet går stien på skrå opp til venstre mot kanten av åskammen som ein har foran seg.

IMG_8125 (med pil)

Like før ein kjem opp på åskammen bør ein snu seg mot søraust, og ein ser kvar den andre stien som gjekk til opp til høgre like før myrområdet fører hen. Ytrefløvatnet ligger fint til øverst i Ytreflødalen, og er også eit fint turmål. Snur ein seg og ser tilbake frå der ein kom frå, ser ein ned til Ytre Flø der ein kom i frå og ein skimtar også ut til øya Runde og Runde fyr.

Oppe på åskammen fortsetter stien flatt bortover før den svingar skrått opp til høgre. Stien har liten stigning oppover, men heilt flatt er det ikkje. Det er litt myrete den første delen, før stien blir tørrare når den svingar oppover mot høgre.

Etter kvart kjem ein opp slik at ein ser resten av turen mot toppen. Vær obs på at stien nærmar seg kanten til venstre, og enkelte plassar går stien heilt ut på kanten, og ein ser rett ned i fjøresteinane under seg.

No har ein Godøya til venstre for seg, og Sukkertoppen som skjuler Ålesund foran seg. Utsikta er utruleg flott, og er ein heldig så seiler turistskipa ut av Ålesund og ein følge dei heilt til havs.

Stien svingar til slutt opp til høgre og vært litt brattare igjen det siste stykket mot toppen. Ca. 50 høgdemeter under toppen gjer stien ein sving til venstre i fjellsida under toppen. (ringen på venstre bildet under viser omtrent kvar svien svingar mot venstre). Her kan ein bli litt lurt, da ein på denne stien passerer under toppen og går forbi. Stien som går rett til toppen er kun merka med stein som er røyst opp (som bildet under til høgre).

Dersom ein følger stien mot venstre, so er det berre å snu seg tilbake når ein kjem opp på platået, so ser ein toppen av Skolma som ein har passert.

IMG_8150

Frå toppen har ein heilt fantastisk utsikt i alle retningar. Mot vest ser ein langt ut i Norsjøen, og øyane rundt Runde. Mot nord ser ein Godøya og øyane utanfor Ålesund. Mot aust og sør ser ein toppane på Hareidlandet og lenger bak ruvar Sunnmørsalpane i det fjerne.

Denne turen er ein lett, men litt lang tur. Ca 5 km frå parkeringsplassen til toppen, der dei første 2 km er flat langs havet, og dei siste 3 km stig ca 630 meter opp. Stien mot toppen går på fleire plassar heilt ut mot stupet ned mot fjøra, og anbefalast ikkje å gå når det er skodde eller fare for skodde. Men alt i alt ein fantastisk tur. Avsluttar med nokre bilder tatt frå toppen. Startar mot Ålesund i nord og går med sola.

Og til slutt panoramabilder frå toppen:

Frå nordvest mot sør

IMG_1837

Frå sør mot nordvest

IMG_1838

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , , | Legg igjen en kommentar

Gjennom Torghatten

IMG_8102

Torghatten ligger ca. 12 km sør for sentrum av Brønnøysund, og det er berre å følge skiltinga. Fjellet er mest kjent for det karakteristiske holet som går tvers gjennom fjellet. Holet ligger på ca. 140 moh, og er veldig lett å komme til. Det er ca 500 meter med ein godt opparbeida sti, og er framkommeleg for dei aller fleste.

Historia om korleis holet har blitt til er delt, men det er blitt skapt under istida av is og vatn som har gravd ut holet. Sagnet sei at det var Hestemannen som skaut ei pil etter Lekamøya, som stakk av fra han. Når kongen av Sømnafjellet såg dette, kasta han hatten sin i mellom, og pila gjekk rett gjennom og laga holet. I det sola rant vart alt til stein.

Like før ein kjem til Torghatten camping er der ein stor parkeringsplass, kvar ein kan parkere og starte turen. Alternativt ta overnattinga på campingplassen, og gå derifrå. På bildet under ser ein at turen startar der asfaltvegen svingar mot høgre (sett fra campingen).

IMG_8044

Starten er skilta, og startar først med ein fin gruslagt sti og går over til meir kupert med litt stein og berg.

IMG_8047

Etter ca 200 meter kjem ei fin tilrettelagt steintrapp, som fører ein vidare oppover mot holet. Til venstre for trappa heng eit skilt med utdrag frå Bibelen og Petter Dass. Her kan ein stoppe og filosofere før ein går siste delen opp.

Like etter trappa svingar stien opp og inn mot åpninga av holet. Først er stien litt gruslagt med nokre stein som stikk opp, før den vært meir ujamn av berg og stein.

Ei lita tretrapp fylt med sand for å passere eit lite berg, før ein kjem opp av skogen og eit varselskilt advarer mot ferdsel på eige ansvar.

No ser ein inngangen til holet, og stien går til høgre for den store steinblokka midt på bildet under, før den svingar mot venstre og følger venstre side opp.

IMG_8056

Siste meterane opp til inngangen, er steinlagt med ei trapp.

IMG_8058

Først når ein er oppe i åpninga, ser ein dimensjonen på holet. Holet er 160 meter langt, 35 meter høgt på det høgaste og 12 meter breidt. Snur ein seg og ser nordover kan ein i godværsdagar sjå dei høge fjella nordøst for Brønnøysund og Brønnøysund by, gjennom holet ser ein småøyane og holmane vest for Ytre-Torget.

Når ein går gjennomholet går det ei tretrapp heilt til høgre i hola, ned til botnen av holet. Husk at det kan gå steinras, og at det er ferdsel på eige ansvar.

Nede i botnen av holet, må ein over ein liten steinhaug for å komme til utgangen på den andre sida. Og for å vise dimensjonen på holet, så har eg tatt eit bildet frå botnen der det står folk i utgangen av åpninga.

IMG_8067

Utsikta fra åpninga mot vest er heilt fantastisk, og ein ser øyar, holmar og skjær ut mot kysten ved Ytre-Torget. Og snur ein seg tilbake, ser åpninga på den andre sida veldig lita i forhold til der ein står.

IMG_8069IMG_8071

For å komme tilbake til utgangspunktet har ein no 2 valg, enten å gå tilbake samme veg, eller å gå ned til gården på Ytre-Torget, og so følge turvegen på sørsida av fjellet tilbake til parkeringsplassen eller campingplassen. Turen ned mot Ytre-Torget er brattare enn turen opp frå parkeringsplassen, men er ikkje vanskeleg å gå. Stien er også på denne sida tydeleg, og varierer med stein, berg og jord.

Stien startar til høgre for den store steinblokka i åpninga, og går ned til ei lita flate like nedafor.

IMG_8072

Stien går over steinura, og går over til gå på jordunderlag. Også her står eit skilt om advarsel om ferdsel på eige ansvar.

Siste delen av stien ned, før den flater ut, har eit vanskeleg underlag. Først er det mykje stein i forskjellige størrelsar, før det går over i stein og berg som ein må forsere.

Like før ein kjem ned til dyrkamarka som ein skal passere, må ein passere ei lita steinrøys. Og når ein kjem ned til dyrkamarka går stien i utkanten av marka, og hold godt til venstre på marka, slik at ein ikkje trakkar ned graset som skal klippast.

I det marka stien på marka svingar mot venstre, bør ein snu seg og sjå tilbake mot holet. Ein kan so vidt sjå at det er åpning gjennom fjellet. Dersom ein vil ha ei større åpning, så gå rundt marka, og tilbake på ned sida slik at ein ikkje trakkar over dyrkamarka.

IMG_8088

Ved enden av marka startar turvegen tilbake til parkeringsplassen og campingen.

IMG_8090

Når turvegen svingar til høgre over ei bru, går stien direkte tilbake til parkeringsplassen rett fram gjennom skogen. Skal ein tilbake til campingen, går ein over brua og ein kjem rett inn på campingplassen.

Bruk tida, og kos deg med turen. Stopp opp og sjå på utsikta, og floraen i landskapet. Dette er ein fantastisk tur for heile familien.

God tur!

Publisert i Kajakk | Legg igjen en kommentar

Melshornet på Hareid (668 moh)

IMG_6940

Melshornet på Hareid er det 3. høgste fjelltoppen på Hareidslandet, og er ein lett og enkel tur å gå. Passer fint som ein sein ettermiddagstur, og som kan nåast frå alle kanter. Den mest vanlege oppturen startar fra Ulset, og det er der denne turbeskrivelsen er fra.

For å komme til Ulset, så er det enklast å kjøre til Hareid, og ta av mot Hjørungavåg. Kjør so til ein passerar Hjørungavåg Skytebane (alternativ parkering dersom den lisje parkeringsplassen ved utgangspunktet er full),

IMG_6880

ein får so ei driftsbygning (fjøs) på venstre side, og rett etter går ein grusveg opp til høgre. Her er også skilta på høgre side med eit grønt skilt som står Melshorn på. Dette er på høgaste punktet på eidet før vegen går nedover mot Snipsøyrvatnet. Ein kan også nå utgangspunktet ved å ta av RV61 i Hareidsdalen enten ved avkjøring på Bigset eller skilting mot Røyset. Bildet viser utgangspunktet når ein kjem opp fra Snipsøyrvatnet.

IMG_6881

Ein startar med å følge grusvegen oppover heilt til endes, ca 500 meter.

IMG_6882

Etter ca. 500 meter deler vegen seg, og ein sti/gjengrodd traktorveg går rett fram, mens her skal ein ta opp til venstre og grusvegen går over til å bli ein steinete og meir mosegrodd traktorveg.

IMG_6885 (1)

Følg så traktorvegen eit par hundre meter oppover, til ein kjem til enden av traktorvegen. Her heng ei lurvete jakthytte opp i treda på nedsida av vegen, mens stien går opp til venstre og litt tilbake i fra retninga ein kjem opp.

IMG_6888 (1)

Stien er i begyndelsen ujamn og steinete, men med lite stigning. Og kort etter at ein har tatt inn på stien kjem ein til eit stidele, og her fortsett ein rett fram.

IMG_6889 IMG_6890

Etter kort tid svingar stien opp til høgre, og ein vil no følge åskammer heilt til topps. Stien i skogen er ein blanding mellom jord/mold og berg, og går fra høgde til høgde opp gjennom skogen. Her har det gått veldig mange, so stien er breid og tydleg heile vegen til topps.

IMG_6891 IMG_6894

Stien følger terrenget veldig fint, og det er svært få bratte parti. Det er kun litt brattere stigning der stien går fra ei høgde og opp til den neste, men stortsett so følger stien terrenget veldig fint opp gjennom skogen.

IMG_6896 IMG_6897

Etter kvart blir vegetasjonen åpnare og åpnare, og ein ser meir og meir av den kommande stigninga. I det ein er på veg over vegetasjonen med tred, so ser ein turens mål.

IMG_6898 IMG_6899

Rett over skoggrensa svingar stien rundt ein liten kolle, går flatt bortover mot neste stigning, for so å svinge opp mot åskammen, og følger den oppover til høgre som vist på bildet under.

IMG_6903 (1)

Oppe på kanten av neste kolle, ser ein resten av ruta heilt til topps. Og som ein ser av bildet under er det svært lite stigning, men stien har ei jamn stigning heilt til ein kjem til ura rett under toppen.

IMG_6904 (1)

Sjølv om det blir meir steinete, nærmast ei ur siste høgdemetera til topps, so er stien lett og sjå. Dersom ein ikkje ser stien, so er der reist nokre spisse steinar som viser kvar ein kan gå.

IMG_6910

Like før topp-punktet flatar stigninga meir ut, og ein kan sjå 2 vardar der kvar topp-platået startar. Den eine varden er ei solskive som viser kva toppar ein kan sjå fra toppen, og den andre er ein liten forvarde til hovedvarden.

IMG_6911

Hovedvarden står midt inne på platået, ut mot kanten mot Hareid sentrum.

IMG_6912

Utsikta fra toppen er fantastisk, og ein ser utover i retning Fosnavåg, Runde, Ulsteinvik, Vigra, Godøy, utover Vartdalsfjorden mot inngangen til Storfjorden og Hjørundfjorden, Sunnmørsalpane fra Molladalen og innover Hjørundfjorden og Ørsta, Vartdalsfjorden mot Rovdefjorden, og dei høgste fjella i Volda kommune og høgste toppane i ytre Nordfjord.

IMG_6915 IMG_6918 IMG_6920 IMG_6921 IMG_6923 IMG_6924 IMG_6925 IMG_6926 IMG_6929 IMG_6931 IMG_6935IMG_6919

Det er litt over 3 km ein veg, og stigning fra 110 moh og opp til 668 moh. Ein lett og fin tur som passar for alle.

Høgdeprofil

God tur!

 

 

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , | 2 kommentarer

Felden (1272 moh)

Dette fjellet ligger i Volda kommune, fjellet ligger mellom Dalsfjorden og Bjørkedalen. Som mange andre fjell så har bestigninga fleire utgangspunkt. Blant anna kan ein starte fra Harpefossen i Nordfjord, fra Eisset i Dalsfjorden, fra Sanden fremst i Dalsbygda og fra Laurdalen i Bjørkedalen. Eg valgte meg ut det siste, da eg har vært mykje i området under og i nærleiken av Felden på rypejakt tidligare fra Laurdalen. Og berre so det er sagt, dersom du likar å gå på gode tydelege stier som er godt merka, so er ikkje dette turen for deg. Stien starta god og tydeleg rett etter parkeringsplassen, men etter kort tid so forsvinn den eller blir utydeleg for so å komme igjen dersom ein er heldig å være på rett plass.

IMG_6773

Tilkomst til utgangspunktet fra turen er fra gamle E39 på Søre Bjørkedalen, mellom Volda og Nordfjordeid. Når ein kjem til skilta avkjøring mot Haugen tar ein av opp til høgre når ein kjem frå Volda som vist på bildet under, men i staden for å følge skiltinga mot Haugen køyrar ein rett fram mot Bjørkedal båtsamling.

IMG_6771 (1)

Køyr so eit par hundre meter før ein kjem til Bjørkedalen båtsamling (skiltet heng på bua rett fram), her deler vegen seg i 3 og ein skal no følge grusvegen som går rett fram.

IMG_6772 (1)

Ein køyrar no inn på ein bomveg, og det kostar i 2015 kr. 30,- for å bruke vegen til Laurdalen. Vegen er bratt i begyndelsen og bompengane betalar ein like etter første knappe venstre sving, eit lite stykke etter at ein har køyrt inn på grusvegen. Ein skal no køyre heile vegen til endes, uten å ta av nokon plass. Etter at ein er ferdig med de brattaste bakkane går vegen over ei stor trebru, med eit treled som ein må gjennom. Husk å lat att ledet når du har passert med bilen. Køyr so heilt til vegen stoppar ved ein stor parkeringsplass.

IMG_6774

Stien starta i enden av parkeringsplassen, litt nede til venstre som vist på bildet under. Som eg skreiv i innledninga so er ikkje dette ein tur for dei som må leite og prøve å finne stien vidare, da stien kjem og forsvinn like fort. Men eg har ringa rundt skaret som ein skal til før oppstigninga opp det bratte området mot toppen. Grunnen til at stien forsvinn mange plassar er at ein passerar ein heil del våte områder med myr, der stien forsvinn. I tillegg går det mykje kyr og sauer i området som lager sine egen stier, og gjer at ein lett kjem ut av den stien ein normalt sett skal følge. Men skal prøve å vise kor som er lurt å gå for å slippe å komme fullstendig på avveier.

IMG_6775 (1)

Stien er som sagt veldig tydeleg i starten og krysser nokre små bekkar, og det er små kupert i starten når ein går gjennom skogen.

IMG_6776 IMG_6778

Stien går stort sett rett fram i begyndelsen, med kun nokre små kurver. Litt opp og litt ned, før det flatar ut igjen.

IMG_6779

So kjem ein til området etter området med myr, og det er no at stiene forsvinner eller deler seg i svært utydelege småstier. Men her går ein sti ned til venstre som eg valgte, da ein finn den igjen nederst i første myrområdet (som vist i bildet til høgre under)

IMG_6780 (1) IMG_6781 (1)

Stien går no i overkant av en bakke ned i retning av elva som renn igjennom dalen, før den til slutt svingar ned mot elva.

IMG_6782 IMG_6783

I dette området går ein sti ned mot elva, og ein kan sjå at den fortsetter opp på elvebredda på den andre sida av elva. Denne skal vi ikkje følge på denne turen, da dette er stien som går opp til ura under Lisje-Toren. Vi skal ikkje krysse elva so langt nede i dalen, dette skjer lenger oppe like før det begynder å stige brattare.

IMG_6785

Det har blitt mykje bilder av ei kort strekning no, men det er dette området som er problemet på turen opp mot at det stig litt brattare. Det går ann å følge myrene oppover, men prøv å ikkje gå for langt fra elva, da ein skal krysse denne lenger oppe. Det enkleste er å holde seg so nærme elva at ein kan sjå når ein bør krysse den. Omtrent midt i dalen fram for seg kan ein av og til skimte ein morenerygg som ein skal skal opp på, her er også stien veldig tydeleg. Prøv derfor å sjå beste muligheit for å treffe denne, men det er ikkje enkelt pga at stien forsvinn og kjem fram igjen i terrenget.

IMG_6799 IMG_6803

Ein kan komme inn på moreneryggen både fra venstre og høgre side, alt etter som hvilket vegvalg ein har valgt lenger nede og kvar ein har kryssa elva (som etter kvart gjekk over til å være ein bekk).

IMG_6806

Moreneryggen er ganske gjengrodd, men stien er tydeleg og svingar seg opp over denne. Der det er mest gjengrodd på toppen av morena, går stien litt ned til høgre eller til venstre for ryggen.

IMG_6807

Når ein kjem øverst oppe på moreneryggen, so vært vegetasjonen lavare og meir glissen. Der stien blir utydeleg eller forsvinn, so hold til høgre på kanten av kanten over bekken ein har nede til høgre.

IMG_6811 (1)

Sida bildet over viser omtrentleg heile resten av turen opp til toppen, skal eg no berre stiple inn omtrentleg rute opp. Skal beskrive turen vidare med bilde også, men kan være greit å få litt oversikt når ein ser so mykje av turen.

IMG_6811 (2)

Fortsett å følg kanten over bekken som vist på bildet under, i overkant kryss over bekken der det høver best og følg terrenget under ura som ein passerar til venstre for. Eg gikk ved sida av ura nederst, men valgte å gå inn i venstrekanten av ura og fulgte denne opp. Like før ein når kanten på skaret kjem ein sti fra venstre og skråar opp på mot høgre.

IMG_6813 (1)

Oppe på kanten går ein rett over slik at ein ser ned til Sanden i Dalsbygda. Her går det sti enten ned til Sanden eller svingar opp til venstre mot Felden som ein er på veg til. Stien er no veldig tydeleg, og ein kan skimte den nederst i høgre hjørnet på bildet under.

IMG_6824

Når ein kjem til den smale steinura som vist på bildet under, deler stien seg og det kan sjå ut som den tydelegaste stien går overkanten og mot høgre, men stien ein skal følge går opp til venstre i det ein passerar den tynne ura. Det går fint ann å gå over kanten mot høgre, spesielt når det blese frå Bjørkedalen mot Dalsfjorden, men pass på å kryss over til venstre igjen før det blir for bratt.

IMG_6826 (1)

Når ein kjem opp under ura i det brattaste partiet, har nokon satt opp spisse steinar i ura for å vise nokonlunde beste trase å passere ura. Berre pass på at ein går til venstre for dei store blokkene som eg har ringa rundt på bildet under. Når ein passerar opp forbi dei er det veldig mykje laus småstein og sand/jord i stien, men det er veldig fint å gå opp der.

IMG_6831 (1)

Frå langt hold kan det virke som det er veldig bratt opp punktet på det aller brattaste, like over blokkene på bildet over. Men det var overraskande lett å forsere dette punktet, og det var litt klyvning men stien gjekk i små svingar opp.

IMG_6838 (1)

Det fortsett bratt opp etter dette punktet, men ikkje fullt so bratt som tidligere. Her ser det ikkje ut som det er mange som har fulgt samme stien opp mot kanten over, da det finns småstier på kryss og tvers opp heile sida. Eg hoppa fra den eine til den andre når eg gjekk. Sida det no ligger ein stor skavl der vi skal, så velger eg å ikkje rote meg bort under den, men går meir eller mindre rett opp fra der eg kom opp.

IMG_6841

Vær forsiktig når ein nærmar seg kanten i himmelsjå, da det plutseleg går stupbratt ned på den andre siden mot Brevellselva.

IMG_6844

Frå kanten kan ein gå litt neden for mot overkanten av snøskavlen som ligg nesten under heile austenden av topp-platået. Det går ein slags sti her, så det er enkelt å gå. Og det er berre å sikte seg inn mot varden som står i himmelsjå.

IMG_6842

Dette er ikkje topp-punktet, men når ein kjem opp til varden får ein ein ny varde rett fram for seg, men heller ikkje dette er toppvarden. Gå slakt opp mot venstre, og ein vil etter ca. 20 meter sjå ei solklokke i himmelsjå og litt til høgre for den vil ein sjå også toppen av toppvarden. Toppen på Felden er eit stort og avlangt platå som går slakt ned mot Dalsfjorden og Joldalsvatnet.

IMG_6850 IMG_6851

Utsikta her er fantastisk og ein ser Sunnmørsalpane i aust, blanding av Sunnmørsalpane og dei høgste toppane i Strynsområdet i Sør, Fjelltoppane i Nordfjord i Vest og ut mot havet med Kråkenes fyr, Stadlandet, og havet utan for Søre Sunnmøre i Nord/nordvest.

Første bildet er austover med Trollvasstinden som høgaste og nærmaste topp, og fortsetter vidare med klokka. Også nokre bilder ned mot dalane i nærleiken.

IMG_6853 IMG_6855 IMG_6856 IMG_6857 IMG_6858 IMG_6859 IMG_6860 IMG_6861 IMG_6863 IMG_6864 IMG_6875 IMG_6839

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , | Legg igjen en kommentar

Levandehornet (917 moh)

Levandehornet ligger framme i dalen på Vartdal i Ørsta kommune, blir også kalt Nonshornet av ein del i Årsetdalen.  Dette er ein fin tur og ta når ein berre vil ha ein kort tur, men vil på ein topp med fin utsikt. Fra toppen ser ein mange av toppane i Molladalen, Romedalen og ein kan også sjå nokre av dei høgaste tindane i Bondalen, samt baksida av Saudehornet like over Ørsta sentrum. Utsikt også til ytterste del av Dalsfjorden, ein ser Rovdefjorden og utover mot Breisundet med Hjørungavåg i forgrunnen.

IMG_6768

For å komme til utgangspunktet for turen, ta av E39 mot Årsetdalen på Vartdal. Denne avkjøringa ligger ca. 100 meter nord for MC delar som ein får på høgre side når ein kjem frå Ørsta. Køyr denne vegen nokre kilometer framover dalen, til den delar seg til Årsetvegen og Busetvegen. Her tar ein av ned til høgre og følger Busetvegen heilt til like før vegen svingar over elva og tilbake på Årset sida. Her går det ein grusveg rett fram som vi tar av på (se bildet under).

IMG_6770

Like etter ein har tatt av på grusvegen, kjem ein til ei kufelle (ferist). Her deler vegen seg, og her skal vi ta grusvegen oppover til høgre. Dette er ein bomveg, og det kostar i 2015 kr. 30,- for personbilar. Boksa ein betalar i ligg ca. 50 meter etter ein har tatt av opp til høgre.

IMG_6769 (1)

Fjellvegen opp til Busetsetra er bratt og svingete, men er veldig godt vedlikeholdt. Når ein kjem opp til Busetsetra er der godt med parkeringsplassar, og ein skal gå gjennom stålgrinda til høgre på parkeringsplassen.

IMG_6693

Etter grinda svingar stien slakt bortover til høgre og går gjennom ei tørt og fint åpe område. Stien går rundt kollen som ein no har til venstre for seg.

IMG_6694

Etter at ein har passert det åpne «myrområdet» kjem ein til ein småskog, og her svingar stien oppover til venstre og det blir litt stigning.

IMG_6696 IMG_6697

Etter å ha gått eit stykke oppover på denne måten, flatar stien heilt ut og svingar inn mot Litledalen og Litledalsvatnet.

IMG_6700 IMG_6701

Omtrent halvegs inn mot vatnet deler stien seg, og det kan være greit å følge litt med her. For stidelet kjem litt brått på, men ei raud sløyfe i eit tre litt til venstre for stien viser kvar ein skal gå.

IMG_6702 (1)

Stien snor seg no bort igjennom krattskogen, mot ein åskam ein skal følge mot toppen. Det går flatt bortover, med ei kort lita stigning opp til åskammen.

IMG_6703

Akkurat i det ein kjem opp på åskammen deler stien seg igjen, og her skal ein ta til høgre. Stien går no inn på åskammen og følger den gjennom krattskog, som kan sjå uframkommeleg ut til tider.

IMG_6705 (1)

Stien svingar ut til høgre på åskammen for å komme unna den tettaste krattskogen, men svingar etter kvart inn mot midten av kammen. Som ein ser av bildet under, kan det sjå ut som det er vanskeleg å gå her, men stien snor seg unna det værste og det er veldig fint å gå her.

IMG_6707

Etter kvart åpnar vegetasjonen seg, og ein stien følger nå åskammen rett fram med berre ein liten stigning. Når stien kjem nærmare høgre kanten av kammen, so kan ein snu seg og ein får no god oversikt over Litledalsvatnet.

IMG_6708

Det går slakt oppover eit langt stykke, men når ein nærmar seg den første kollen som ein kan sjå på bildet over, aukar også stigninga. Stien går no opp på eit platå og flatar litt ut, før den stig igjen for so å gå opp på eit lite platå kor stien flatar litt ut igjen.

IMG_6710 IMG_6711

So blir det brattare jo nærmare ein kjem kollen som ein passerar rett over, for å komme bort til siste partiet opp mot toppen. Stien snor seg fint oppover, og nokre plassar delar stien seg men endar i hop nokre høgdemeter lenger oppe. Den eine stien går rett opp det brattaste, mens den andre går litt på skrå til venstre før den svingar tilbake til høgre for å sleppe å gå rett opp.

IMG_6712

Like før ein kjem opp til kollen, så flatar stien meir ut og det blir slakare stigning igjen.

IMG_6721

Oppe på kollen flatar stien enda meir ut, og ein følger no egga slakt oppover før siste høgdemeterane mot toppen. Sjølv om stien no går langs egga vekslande på steinunderlag og mose/jord, men den er lett å sjå og følge.

IMG_6723

Det blir no etter kvart brattare og brattare, men ein treng ikkje noko klyvning på denne turen sjølv om det blir bratt mot slutten. I det stien svingar opp til høgre kjem ein til det brattaste partiet og no blir det ikkje noko einskild sti. Opp denne delen av fjellet, har tidligare turgåara funnet sin eigen oppstigning som slitasjen på terrenget viser. Noko har gått rett opp, mens andre har kryssa fram og tilbake oppover.

IMG_6727 IMG_6728

Frå omtrent midt opp i siste stigninga mot toppen, ser det slik ut når ein ser seg ned og tilbake.

IMG_6729

Like før toppen svingar so stien opp til venstre, og ein kan skimte toppen av en varde. Dette er ikkje toppvarden, men det blir flatt inn mot toppen når ein kjem opp til denne varden.

IMG_6732

Og ein ser da toppvarden som ligger på 917 moh, ein går no langs kanten av eit stup som endar omtrent nede i vatnet i Litledalen.

IMG_6733

Nyt utsikta, og dersom ein ønskjer det kan ein no gå egga ned mot Heidavatnet (vinterruta på ski) på svak sti, for so å følge Skorgedalen tilbake til Busetsetra. Eller ein går same veg ein kom opp tilbake.

Og som vanleg kjem her nokre utsiktsbilder fra toppen. Dei første er tatt fra toppvarden, mens nokre er tatt på ein varde som ligg litt lenger vest på topp-platået som sjåast på bildet under.

IMG_6734

Første bildet er mot skoddehavet i Rovdefjorden og følger klokka, og siste bildet i rekka er mot innløpet til Dalsfjorden.

IMG_6737 IMG_6738 IMG_6742 IMG_6743 IMG_6744 IMG_6746 IMG_6747 IMG_6749IMG_6750IMG_6754

IMG_6755 IMG_6763 IMG_6764 IMG_6765

Høgdeprofil

Høgdeprofil

God tur!

Publisert i Fjelltur | Merket med , , , , | Legg igjen en kommentar